Velkommen til Martin og Iris sitt bryllaup!

Du er herved invitert til flytande bryllaup/badedansefest ombord skutene Legend og Vega! Her er foreløpig plan for helga:

Fredag 5. sept: blomster og småprat

Dei som kan samlast til ein hyggelig, uformell samankomst med blomsterhausting, småmat og kos!

Laurdag 6. sept: bryllaupsdagen

Oppmøte: ytterst på brygga på Akershusstranda 11 (ved Skur 33)

Søndag 7. sept: recovery

Vi bookar vi nokre badstuer i sentrum.

Meir info kjem!

(For dei som lurer: denne websida er lagt inn som ei underfane av nettsida til Iris, fordi vi simpelt hen ikkje gadd å opprette eit nytt domene/nettside berre for bryllupet vårt. Så det har lite hensikt å trykke seg rundt i menyen!).

 

Bryllaup/badedansefest på Oslofjorden

Vi gledar oss stort til å kaste loss med vener og familie ombord!

Solplan: Dagen startar med eit lite fjordcruise og pynting av skutene, før vi legg til kai for vielse, strandkos (med noko å bite i), middag og dansefest ein stad i skjærgården.

Regnplan: Dagen startar med eit lite fjordcruise og pynting av skutene, før vi legg til kai for vielse og middag ein stad i skjærgården, og deretter returnerer til kaiplassen ved Skur 33 for fest og disko.

Ein liten video frå fjordtur med S/V Legend:

Antrekk: flott og praktisk

Dette er ikkje dagen for dei tynnaste stillettane i skåpet!

Sjekk vêret før du stig ombord! Vi har sjølvsagt bestilt sol og badevêr, så målet er soleklart badefest med påkledning og utstyr deretter. Vi anbefaler elles fleksible, danseglade klede med sommarleg vibe, og kanskje eit hendig skift (det kan jo fort bli litt rufsete det her). Du skal også sjå at det er lurt å ha med ei hengekøye eller noko kjekt å sitte/ligge på når vi er til kai!

Overnatting

Telt, hengekøye, lugar, hotell…?

Vi håpar på godt vêr og inviterer alle som vil til å ta med telt eller hengekøyer. Dei som vil sove hakket meir komfortabelt inne i byen skal sjølvsagt få lov til det, og vi ordnar transport tilbake. Dersom det regnar vil vi returnere til kaiplassane på brygga ved Akershusstranda 11 etter middagen.

Meir info om transport kjem!

Gi oss ein lyd om du kan komme eller ei!

Og eit NB om gåver:

For oss er det i seg sjølv ei gåve at de deler dagen med oss. Om du likevel vil gi oss ei merksemd ynskjer vi oss mest av alt bidrag til bryllupsreise.

vi har huset fullt av greier (har ikke plass til ein einaste ting til faktisk), og ynskjer ikkje gåver i høve bryllupet! Med mindre dei er heimelaga, sjølvsagt.

NB 2: eventuelle ikkje-heimelaga gåver som plutselig skulle dukke opp til trass for desse tydelige Nei-Takk-Ingen-Gåver-restriksjonane vil automatisk bli returnert til sin avsender. ;) Men har du ei lyslenke liggande (juletre, lyspærelenke, you name it!) som vi kan låne på festen? Ta den gjerne med!

Vi håpar på å sjå deg ombord 6. september!

Klemz og koz fra Martin og Iris